Vesle due

Ho er så lita, mi vesle due
«Ikkje lita, eg er stor»
kvitrar trasten med krav i stemma
kikar kvast på si stolte mor

Ho er så smidig, mi vesle spove
flyg med sykkelen, som ein vind
Hugs no hjelmen, pass på farta
Du gjer meg livredd, du spoven min

Ho er som silke, min vesle kylling,
Med lyse lokkar og kinn så god
Ho sit i fanget, kyssar mor si
ei stund så vakker, i stille ro

Ho er så illsint, mi vesle måke
Når noko rett har blitt så vrang
Ho stup imot meg, riv i håret
Tårer trillar på mammas fang

Ho kan så mykje, mi vesle ugle
Berre lita, men klok som få
Seier «unnskyld» og «takk for maten»
Veit magien i ord så små

Ho vil få venger, mi skjønne svane
ut i verda, utan mor
Men vesle due, hugs at reiret
er like opent som da du for

Av Berit Fikse

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

6 tanker om “Vesle due”