Tjonedag både her og der

Reklame

I dag har veslefrøkna og eg vore heime. Planleggingsdag i barnehagen er ei fin greie, som gjer at sjølv om ein ikkje har tid, så får ein tid ilag. Og tid er noko av det beste i verda.

Vi har så langt brukt dagen til å bake.

Litt av dagens resultat. Langtidsheva grytebrød. Nam!


Og rydda i mammas nettbutikk. Veslefrøkna har talt kort, og mora har oppdatert varelager. Tre nye kortpakkar fann vi også på:

·         Kjærleikspakken. Her finn du dikt som høver seg til bryllaup og slikt.

·         Lett blanda favorittar. Denne firkløveren høver seg til så mangt.

·         Håp og trøyst. Nokre dikt som blant anna høver seg til dei blå dagane.

Du finn dei i nettbutikken til fin pris.

 

No skal vi straks ut på ski. For kanskje har vi å gjere med ein av dei siste vinterdagane.

Og du, bakinga kjem eg tilbake til – rett og slett fordi eg har kome over nokre oppskrifter som er for geniale til ikkje å bli delte. Men først blir det utetid.

Fin fredag til alle der ute. Og no ser eg at dagens vesle tekst vart på nynorsk. Sånn kan det gå når eg er i diktmodus.

Berit

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.