Eg kjem snart, Brussel

I dag gret eg for deg Brussel
for frykta
og blodet
og saknet
som strøymer gjennom gatene,
heimane,
hjarta

eg gret for at vi ikkje klarar å halde hender, Brussel
vi menneska
som er Brussel, som er Istanbul, som er Paris,
vi som er verda

«We are the world» kunne vi ha sunge

i staden gret eg
av barnegråt i ein støvete, mørk t-banetunnel
for opne, skitne sår,
som ikkje vil gro
og for ei verd som treng ein medisin vi så langt ikkje har funne

Men vi kjem ingen veg med tårane mine, Brussel
vi kjem ingen veg av at eg druknar deg og meg og alle,
i tårer
i snørr
og meir tårer

Nei, fuck gråtinga mi Brussel
ho hjelper ikkje no
ikkje då

i staden må vi halde saman
gå ilag
i gatene dine, Brussel
smile til kvarandre
og ha trua på at vi skal klare dette
vi skal finne medisinen
saman

eg kjem snart, Brussel

 

Av Berit Fikse
22. mars 2016

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.