
Han døydde i dag, morfaren min, plutseleg var det forbi
85 år fekk han på jorda, ei fin, men og krevjande tid
Han låg der i andakt på senga, skjorta han bar var rød
Lyset brann så varsamt, i huda var det framleis glød
Han var så flott, så stille, han som alltid hadde ordet i si makt
Så ein heider med valte bokstavar, er jo i han sin takt
Ein A for ho han sakna, og for alle han reiser ifrå
Vi veit at han var takksam, for både no og den gong då
Ein M må vera for mor hans, Margot så vakker, så rank
Når tankane gjekk til henne, då vart augo hans blank
Ein E for alle oss etter, vi veit han var frykteleg kry
For kvar og ein av oss alle, både for gamle og ny
R-en det seier seg sjølv, for ROY det finns berre ein
Han var så ekte og ærleg, raus og med nase av bein
Ein I let vi stå for IVRIG, i all si gjerning og gagn
Vera med å bestemme, mange ballar i si famn
K-en står sjølvsagt for Krogstad, heimen i all hans tid
Her var det godt å vera, og for alle som kom forbi
Til sist ein A for ALT, han var for oss på sin veg
Vi jublar for minna og arven, tek den med oss steg for steg
Så kva er no desse bokstavar, om dei stilles på rekke, på rad
Ein A, ein M, ein E, – så R, I, K og A
Han kom seg aldri over havet, til landet han lengta så til
Landet som gav han namnet, landet som høyrde dei til
Men no har han takka for laget, båten har fare frå kai
Hans eige Amerika ventar, vi takkar og seier bye bye!
Av barnebarn Berit Fikse,
skrevet 20. og 21. januar 2014
Under bisettelsen i Alstadhaug kirke leste jeg dette diktet som jeg skrev da morfar døde. For at rimene skulle stemme ble nynorsken tidvis av det kreative slaget, men noen kunstneriske grep kan man kanskje tillate seg, ikke minst når det er morfar Roy det er snakk om. Han var så fin en fyr!