Der kantstein møter asfalt
har smågrus samla seg.
Flittige små, vart brysame grå
når ungane fartar i veg.
Dei klamrar seg fast i kvarandre
vil berre vera i fred.
Før viktig og trygg, no berre stygg.
Men kva er det dei syslar med?
For småstein kan så mykje
meir enn å sikra veg.
Såg ein i stad, lubben og glad
let sola få spegla seg.
Av Berit Fikse