Det står eit tre i stua.
Med stjerne, lys og flagg.
Og rundt på alle greiner,
er det kledd med mange små plagg.
Nokre er glansa og dyre,
ei kule er strikka og varm,
englane daler så stille,
nissane smittar med sjarm.
Av hjarte har vi mange
i glas, og papir er limt.
Og alt har si forteljing,
for treet det gir oss små glimt.
Frå dagar og år som reiser,
om alle som er på vår lei,
og kvart år sørger treet,
for at livet kan seie «hei hei».
Tekst: Berit Fikse